I august vart ein ny "feature" som passa til såkalla trimpostar godkjend: http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Talk:Proposed_features/Checkpoint_for_Tourism
Det trengs ein ny type (checkpoint:type=*) til trimpostar med gjestebøker/notatbøker, tek gjerne imot tilbakemelding på diskusjonssida: http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Talk:Proposed_features/Checkpoint_for_Tourism#Checkpoint_type:_notebook Er også interessert i om andre har merka dette på andre måtar til no. Om ikkje uttrykket/fenomenet "trimpost" er kjent for alle så snakkar eg om ei lita notatblokk med blyant som oftast er pakka i plastembalasje og lagt i ein postkassar/boks festa på tre/pålar/hus på slutten eller viktig punkt på ein tursti. I boka skriv ein namnet sitt. Det virkar så som ei slags gjestebok, og blir brukt til oppteljing av idrettslag/turlag kvart år. Dette er iallfall eit vanleg fenomen på Vestlandet. -- Guttorm Flatabø _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
