to. den 19. 05. 2011 klokka 22.33 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer: > >> http://geo.huftis.org/osm/epab/Bergen.html > > > >Køyrer du ei oppdatering igjen? Det har vorte gjort ein god del sidan > >sist, både av meg og andre ... :-) > > Har vore problem med norway-fila dei siste dagane, men no fungerte > det. Har lagt ut ei oppdatert fil.
Det tok si tid, men endelig har eg fått oppdatert sjekken av OpenStreetMap-gatenamn. (For dei som hugsar dårlig: Posten Norge har publisert postadresseboka, som inneheld gatenamn for mange gater i Norge, med kommuneinfo. Den får me bruka i OSM-prosjektet til å kvalitetssikra gatenamna, gjennom å kjøra ein slags stavekontroll på alle gatenamna som er registrert i OSM.) Oversikt over mulig feilstava gatenamn finn de som før på http://geo.huftis.org/osm/epab/ Merk at resultata for Bergen ikkje er henta frå Postadresseboka, men frå den offisielle gatetabellen: https://www.bergen.kommune.no/tjenestetilbud/bolig-og-eiendom/eiendom/vegnavn/gatetabellen Denne vart for øvrig oppdatert for nokre få dagar sidan. Rettingane eg tipsa kommunen om vart endelig med, og det vart lagt til to nye gater: Revahjellane Rådstusmauet Men kor i all verda (les: Bergen) er desse? Google Maps har dei ikkje, so blir OSM først … ? :) -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
