Litt artig artikkel i Bergens Tidende i dag: http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Den-heter-faktisk-Smorsbru-2687585.html
Viser seg at brua me trudde heitte Smørsbroen faktisk heitte Smørsbru, og endra so namn (i dag, nærast med eit pennestrøk!) til Smørs bru. Tilsvarande gjeld Nygårdsbroen. Eg har lagt inn endringane no, so OpenStreetMap er nok det første kartet med korrekte namn. :-) (Men Smørs bru er for kort til at namnet vert vist, so det vert berre søkbart.) Dei gamle og «vanlige» namna la eg inn som old_name og loc_name, so søk etter desse skal også fungera (når Nominatum-databasen er oppdatert). Har ein mistanke om at me kan venta oss vidare namneskifte på desse bruene framover. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
