Eg har no laga eit nokolunde komplett forslag til korleis dagligvarebutikkar o.l. i Norge bør taggast i OSM. Kommentarar til dette, før eg legg det ut på wikien?
Har òg tenkt på å ta kontakt med dei ulike kjedane og høra om det er mulig å få komplett butikkoversikt i maskinlesbart format, for importering i OSM. Forslaget: Dagligvarebutikkar kan i utgangspunktet taggast shop=supermarket eller shop=convenience. Norske dagligvarebutikkar er små samanlikna med butikkar i mange andre land, og det som der gjerne ville vore shop=convenience bør her taggast som shop=supermarket. Dagligvarebutikkar skal derfor i regelen skal taggast shop=supermarket, med unntak av Brustad-buer / svært små nærbutikkar med utvida opningstider, som bør taggast shop=convenience. Storkioskar som sel eit avgrensa utval dagligvarer, som mange 7-Eleven-butikkar, taggar me også shop=convenience. Merk at shop=kiosk er meint for tagging av *frittståande kioskar*, for eksempel midt på eit gatetorg, som gjerne sel aviser og blad, sigarettar og pølser, og altså er noko anna. Butikkar som hovudsaklig sel aviser og blad, som Narvesen-kioskar, taggar me shop=newsagent. For butikkar med post i butikk, legg me på amenity=post_office. Har dei òg tipping, legg me på lottery=yes. Korleis «bank i butikk» bør taggast er førebels ikkje klart. Namnet på butikken skal vera det fulle namnet, for eksempel Rimi Damsgård, ikkje berre Rimi. For å seia kva kjede butikken hører til, brukar me brand=*, for eksempel brand=Rimi. (Det finst også to alternative taggenøklar, operator=* og franchise=*. Men i praksis er det vanskelig å veta korleis desse skal brukast. Dei fleste kjedebutikkar vert drivne som franchise, men ikkje alle. For Bunnpris er for eksempel nokre butikkar franchisebutikkar (franchise=Bunnpris, operator=Jensen Mat AS), og andre Bunnpris-filialar (operator=Bunnpris). Det synest derfor som både tilstrekkelig og formålstenlig å berre halda oss til brand=*. Her er eksempel på korleis butikkar i dei ulike kjedene bør taggast. Det er sjølvsagt ikkje nødvendig å fylla ut all informasjon; butikktype, namn og kjede er det viktigaste (gateadressa er det minst viktige, sidan me alt har dei geografiske koordinatane …). SPAR Finn informasjon om kvar butikk på http://spar.no/. Merk at SPAR skal skrivast med store bokstavar. shop=supermarket name=SPAR Karensfryd brand=SPAR lottery=yes opening_hours=Mo-Fr 09:00-20:00; Sa 09:00-19:00 addr:street=Frydenbølien addr:housenumber=17 addr:postcode=5067 addr:city=Bergen addr:country=NO website=http://spar.no/Finn-butikk/HORDALAND/SPAR-KARENSFRYD/ -------- contact:phone=+47 55342045 contact:fax=+47 55343960 contact:[email protected] EUROSPAR Same som for SPAR, men med brand=EUROSPAR. KIWI Finn informasjon om kvar butikk på http://kiwi.no/. Merk at KIWI skal skrivast med store bokstavar. Butikknummeret som står på nettsida set me som ref=, og har det ikkje med i name=. shop=supermarket name=KIWI Nøstet ref=881 brand=KIWI lottery=yes opening_hours=Mo-Sa 07:00-23:00 addr:street=Nøstegaten addr:housenumber=31 addr:postcode=5011 addr:city=Bergen addr:country=NO website=http://kiwi.no/Stottemeny/Butikker-og-apningstider/Hordaland/BERGEN/Kiwi-881-Nostet/ REMA 1000 Finn informasjon om kvar butikk på http://rema.no/. Merk at REMA skal skrivast med store bokstavar. shop=supermarket name=REMA 1000 Danmarksplass brand=REMA 1000 opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00 addr:street=Fjøsangerveien addr:housenumber=32c addr:postcode=5054 addr:city=Bergen addr:country=NO website=http://butikk.rema.no/REMA+1000+Danmarksplass/370000 Rimi Finn informasjon om kvar butikk på http://rimi.no/. Merk at Rimi, i motsetning til REMA, **ikkje* skal skrivast med store bokstavar. Her har ikkje kvar butikk si heimeside. shop=supermarket name=Rimi Damsgård brand=Rimi amenity=post_office lottery=yes opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00 addr:street=Damsgårdsveien addr:housenumber=205 addr:postcode=5162 addr:city=Laksevåg addr:country=NO Bunnpris Finn informasjon om kvar butikk på http://bunnpris.no/. shop=supermarket name=Bunnpris Hjellestad brand=Bunnpris amenity=post_office opening_hours=Mo-Fr 08:00-22:00; Sa 08:00-22:00; Su 11:00-22:00 addr:street=Hjellestadveien addr:housenumber=313 addr:postcode=5259 addr:city=Hjellestad addr:country=NO Joker Finn informasjon om kvar butikk på http://joker.no/. shop=supermarket name=Joker Sandviken brand=Joker opening_hours=Mo-Fr 09:00-22:00; Sa 09:00-20:00 addr:street=Gjeble Pederssøns gate addr:housenumber=13 addr:postcode=5034 addr:city=Bergen addr:country=NO website=http://joker.no/Butikkene/HORDALAND/JOKER-SANDVIKEN/ MENY Finn informasjon om kvar butikk på http://meny.no/. Merk at MENY skal skrivast med store bokstavar (sjølv om dei er litt inkonsekvente på heimesida …). shop=supermarket name=MENY Bergen Storsenter brand=MENY opening_hours=Mo-Fr 07:00-21:00; Sa 07:30-20:00 addr:street=Strømsgaten addr:housenumber=8 addr:postcode=5015 addr:city=Bergen addr:country=NO website=http://meny.no/Info/Finn-din-butikk/MENY-Bergen-Storsenter/ ICA Finn informasjon om kvar butikk på http://ica.no/. Merk at ICA skal skrivast med store bokstavar. Her har ikkje kvar butikk si heimeside. shop=supermarket name=ICA Supermarked Gullgruven brand=ICA opening_hours=Mo-Fr 09:00-21:00; Sa 09:00-19:00 addr:street=Liamyrane addr:housenumber=1 addr:postcode=5132 addr:city=Nyborg addr:country=NO 7-Eleven Finn informasjon om kvar butikk på http://7-eleven.no/. Merk at det er stor E i 7-Eleven, og at butikkane skal taggast som shop=convenience. Her har ikkje kvar butikk si heimeside, og heimesida til kjeden har ikkje informasjon om opningstider. shop=convenience name=7-Eleven Engen brand=7-Eleven addr:street=Engen addr:housenumber=16 addr:postcode=5011 addr:city=Bergen addr:country=NO Narvesen Finn informasjon om kvar butikk på http://narvesen.no/. Her er det svært lite informasjon om kvar butikk. Me «lagar» namn ved å setja saman ordet «Narvesen» og namn-/bygningsinformasjonen som står på heimesida. shop=newsagent name=Narvesen Harbitzhjørnet brand=Narvesen addr:street=Torgallmenningen addr:housenumber=1a addr:postcode=5014 addr:city=Bergen addr:country=NO -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
