OpenSteetMap.org er eit verdensomspennande prosjekt for å lage eit kart basert 
på brukargenererte data og lokalkunskapar. Det er det kartet som ligg til 
grunnlag for blandt anna openstreetmap.no, frikart.no og fiksgatami.no

Det er kjempeflott at kartverket har begynt å gi ut data med frie lisensar i 
form av N2000, og me har tenkt å benytte oss av deler av dette datasettet. 
Mesteparten av dataa i N2000 er av ein mykje dårligare kvalitet en det som ligg 
inne i OSM i dag, men sidan einaste kjelde for kommune- og fylkesgrenser er 
kartverket sine data har me ikkje fått tak i desse før. Derfor har me tenkt å 
importere desse frå N2000 til vår database.

Me kjem til å oppgje kartverket som kjelde og distribuere dataa under ODbL 
lisensen til OpenStreetMap. På grunn av prosjektets størrelse kan me ikkje 
kreve at dataa blir disribuert vidare med kjeldehenvising til kartverket, men 
til OSM som samla. Det er alikevel mulig å slå opp karverket som kjelde gjennom 
OSM databasen.

Dei administrative grensene i Norge er viktige for offentlig myndighetsutøvelse 
og det er derfor viktig at denne informasjonen er tilgjenglig for alle og er 
korrekt. Det er for eksempel brukt av FiksGataMi for å levere tjenester til 
alle kommuner og fylkeskommuner.

Etter å ha studert N2000 vektorkarta ser det ut som om det er forenkla med 
Douglas–Peucker algoritmen som betyr at alle punkt som er definert i 
vektordataa er punkt som utgjer grensa. Det ser også ut som om enkelte av 
posisjonane er endra for å gje eit meir estetisk kart. Det siste er dog ikkje 
observert på nokre administrative grenser. Dersom det er tilfellet vil 
datasettet ha ein ganske begrensa verdi. Er det mulig å få bekrefta 
observasjonane og eventuelt fått meir informasjon om denne prosessen, som til 
dømes parameterane til forenklingsalgoritmen? Dette vil hjelpe oss i å bedømme 
kvaliteten til andre kjelder for å gje eit meir nøyaktig produkt til våre 
brukarar.

Eg takker for snarlig svar og håper at kartverket vil fortsette arbeidet med å 
gje ut meir nøyaktige vektorkart til det norske folk.

Knut Karevoll

_______________________________________________
kart mailing list
[email protected]
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart

Svar til