Den 23. aug. 2012 kl. 16.18 skrev Espen Isaksen:

> Nå er det jo også slik at Google maps faktisk bruker data fra
> Kartverket så forstod ikke helt hvorfor det var så utrolig ille i så
> fall.

Google maps bruker det dei betaler for, så dei har ikkje så veldig oppdaterte 
kart eller all informasjonen på dette kartet.

Til dømes har ikkje google kjøpt høgdedata frå kartverket men bruker billigere 
globale høgdedata med dårligare kvalitet. Dei har begrensa informasjon om 
fartsgrenser, vegkvalitet, makshøgder, sjøhinder, terengtype osv. som du har 
veldig lyst på i ein nødsituasjon.

Ein annan ting som er eg berre har sett hos kartverket og osm er stiar, hytter, 
leirplassar og så vidare som er veldig viktig å finne under leiteaksjonar. 
Dette er også informasjon som røde kors bruker kjentfolk til å finne og er 
derfor avhengig av at folk er kjent i området det leitast i. Dette er eksempel 
der innhenting av informasjon frå osm er veldig relevant.

Eit anna behov er offline kart. Dette er noko som kartverket har aktivt 
motarbeida. Eg finn ikkje referansa no men eg meiner å hugse at norsk radio 
rele liga spurte kartverket om dei kunne laste ned tiles til bruk i 
nødsituasjonar der det er dårlig tilgang på kommunikasjon. Der fekk dei blankt 
avslag. Gratis, fritt og godt kart er svert viktig både for mannskap, vitner og 
offer dersom det oppstår ein situasjon. Og då hjelper det lite at du kan kjøpe 
cdar med gode kart over norge frå kartverket til ~5000kr som du kan laste over 
i enkelte gpsar før du reiser ut på tur. Sjer det noko må du ha kart 
tilgjenglig der og da. I praksis betyr dette på mobiltelefon, laptop eller 
nettbrett og ofte med dårlig internett forbindelse må du ha dataa lagra 
offline, eller på ein kommandobil med wlan utstyr.

Gnonthgol
_______________________________________________
kart mailing list
[email protected]
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart

Svar til