I februar kjem Vegvesenet til å opna tilgang til norsk vegdatabank med NLOD-lisens. Dvs. skilt og kummar og ferjekaiar osb., ikkje vegane.
Her<http://www.vegdata.no/wp-content/uploads/2012/12/28112012-statens-vegvesen-jan-kristian-jensen.pdf>er ein opplysande presentasjon, de kan lesa meir på vegdata.no. Dette føyer seg inn i rekka av mange andre basar, og med over 185 millionar objekt (eller «forekomster» som dei ser ut til å kalla det), trengs det ein slags strategi for å ta desse dataane i bruk spør du meg. Ein måte å ta desse og andre databasar lettare og betre i bruk, trur eg kunne vera å legga opp til bruk med JOSM-innstikket OpenData<http://wiki.openstreetmap.org/wiki/JOSM/Plugins/OpenData>, eg reknar med at ein del av dykk kjenner til det, men slik eg forstår det så kan det gjera det mykje enklare for brukarar å finna fram til og bruka data frå opne data-kjelder i JOSM med konsekvent tagging. -- Guttorm
_______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
