la. den 09. 03. 2013 klokka 15.19 (+0100) skreiv Karl Ove Hufthammer: > Eg har forresten no sendt e-post til kontaktpersonen i kommunen, med > nokre spørsmål og kommentarar om dokart- og leikeplassdatasetta (blant > anna om korleis dei ønskjer å verta kreditert).
Eg har fått svar frå kommunen. Det går fint å visa til datasettet på data.norge.no i source-attributtet (og endringsloggen), eks.: http://data.norge.no/data/lekeplasser-i-bergen-kommune I tillegg skal dei prøva å få lagt til ein ID-kolonne i datasetta, slik at me lettare kan identifisera kvart objekt (nyttig ved oppdateringar). Eg har for øvrig gjort litt «research» til OSM, og besøkt fleire av byens pissoarar i det siste. Har lagt til det i Haukelandsveien 51 i OSM (òg her var koordinatane i dokartet noko unøyaktige, men ikkje veldig ille). Og kan melda at mursteinsbygningen ved Høgteknologisenteret (60.38232, 5.33207) *ikkje* er eit pissoar, men faktisk eit kunstverk som heiter «Bergen» (!), og er laga av danske Per Kirkeby. Men etter lukta der inne å dømma, er det mange som har forveksla det med eit pissoar … Den andre bygningen like ved (60.38215, 5.33155) er ikkje godt å seia kva er (pissoar? kunstverk? noko anna?); han er iallfall så falleferdig no at han i praksis ikkje kan brukast til noko. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
