Eg har sett litt på SOSI i det siste og ser at du taper ein del informasjon dersom du går via shapefile eller geoJson. Polegon i SOSI er det same som multipolegon i osm (dvs. ei (sortert) liste med referansar til utvendige og innvendige linjer). SOSI brukar også ein hiriarkisk metadatastruktur (med duplikate nøkkler) som er vanskelig å transformere til andre vanlige datastrukturar.
Eg har skreve eit kjapt og stygt verktøy for å konvertere frå SOSI til OSM. Det konverteret teiknsett og projeksjonar til UTF-8 og WGS84 og beheld mykje av strukturen i dei opprinlige dataa. For å konvertere metadata har det støtte for lua script slik at du kan lett skrive små script som passar datasettet. Koden finn du på https://github.com/Gnonthgol/sosi2osm/ , det kan vere litt vanskelig å installere og det inneheld ein del feil (patches welcome). Men dette er berre eit kjapt verktøy i første omgang. Dersom me finn ein måte å laste ned data frå kartverket uten å manuelt måtte velge kvar kommune hadde det vert fint å få satt opp ein snapshot server med data frå kartverket. Knut _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
