Slik eg har forstått er det nokon som har litt problemer med nedlastingsløysinga på http://data.kartverket.no/ . Det var ustabilt dei første dagane, men fremdeles må du registrere deg og skal du ha mange filer må du gjennom mykje klikking.
Sidan det er lov å vidaredistribuere dataa har eg lasta ned alt eg fikk tak i og har laga ein torrent på alt. Merk at det ikkje blir oppdateringar på torrenten så dersom kartverket kjem med oppdaterte data finnest desse ikkje i torrenten, det er eit tilbud til dei som har problemer med webgrensesnittet. Skal du ha oppdaterte data må du hente det direkte frå kartverket. Heile torrenten er på 26GB med data, men det er inkludert 13GB med høgdedata og 5,7GB med rasterkart. Dei resterende 7GB med vektordata inneheld også ein del dobbelt opp då mange av filene er det same datasettet delt opp på forskjellige måtar eller i forskjellige format. Magnet linken til torrenten er < magnet:?xt=urn:btih:X2ZQHQRDWXRDJ3XG2VJUMR5YGUMK3LTU&dn=Kartverket_open_data&tr=udp%3a%2f%2ftracker.publicbt.com%3a80%2fannounce&tr=udp%3a%2f%2ftracker.openbittorrent.com%3a80%2fannounce > Knut _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
