Den 03. april 2014 17:56, skreiv Sverre Didriksen: > Kom over denne, det hadde vært noe: > http://www.norgeodesi.no/trimble/uav-uas-rpas/trimble-ux5-aerial-imaging-rover-system/c-25/c-83/p-187
Det er framleis ein del problem med droner i norsk lovgivning. Slik eg har forstått er det endå ikkje lov til å fly droner utan at du har ein pilot som kan ta over styringa når som helst og er innanfor synsrekevide. Lovverket er ikkje tilpassa slike produkt som rettar seg mot personar som ikkje er i stand til eller ønskar å fly sjølv. Det er også ein del restriksjonar mot å fly i bebygga områder som gjer at denne type teknolagi er uegna under gjeldande norsk lovgivning. Desverre så må me fortsette å klage til norske luftfartsmyndigheter om å gjennomse lovgivningen. Det hadde jo ein effekt på NSM at alle dronepiloter i Norge søkte om ein kommersiell lisens for å ta luftfoto.Det er kansje mulig å lette på restriksjonane om å fly radiostyrte fly i bebygga områder og gjere det mulig å sertifisere droner til bruk uten kyndig personell til å ta over. Det er bra at dei er forsiktige men teknologien avanserer fortere enn lovteksten kan følge. Framleis er det vanskelig for folk flest å lage flyfoto uten å bruke masse pengar eller lovbrudd. Gnonthgol _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
