ty. den 10. 06. 2014 klokka 20.03 (+0200) skreiv Stein Arne Storslett: > Det er litt tid mellom at jeg har mulighet til å redigere, men jeg har > stort sett alltid med GPS og samler spor, både på tur og i bil, og > spesielt hvis jeg kjører i områder der jeg vet det er lite dekning i > OSM. > > Formålet mitt ifm OSM er å bidra med redigering der jeg kan når jeg > kan, og om noen vil ta i mot sporlogger så oversender jeg gjerne.
Hadde vore *supert* om du kunne lasta opp sporloggane på http://www.openstreetmap.org/traces Dette er svært nyttig for alle som redigerer. Eksempel: Du har gått ein tur, og ser at stien som ligg i OSM ikkje stemmer med sporloggen din. Er det då stien eller sporloggen som er (mest) feil/rett? Vanskeleg å seia! Men om fleire har lasta opp sporloggar er det ingen problem; då er den «riktige» stien typisk «gjennomsnittet» av dei ulike sporloggane. Opplasta sporloggar hentar ein for øvrig kjapt og greitt ned i JOSM. Har du veldig detaljerte sporloggar (mange punkt – ofte lurt), kan det vera greitt å køyra dei gjennom dette verktøyet før bruk http://wiki.openstreetmap.org/wiki/User:Travelling_salesman/gpx_reduce Kan òg vera greitt å samanlikna sporloggen med eventuelle andre eksisterande sporloggar før opplasting (enkelt i JOSM). Viss det for eksempel ligg tre sporloggar som alle er einige med kvarandre, men din nye ligg systematisk langt frå desse, er det truleg GPS-din som var på villspor den dagen, og då kan det vera greitt å *ikkje* lasta opp. Men vanlegvis: Jo fleire sporloggar, jo betre! :) -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
