to. den 12. 06. 2014 klokka 23.40 (+0200) skreiv Kai Stian Olstad: > > 2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Loa?kodievvá" > > > > Er altså samiske namn, men dei inneheld spørsmålsteikn, og er >altså > > ugyldige. Noko som har gått gale med teiknkodings- > > konvertering hos Kartverket ein gong? > > Det kan se ut som det er mangler i SOSI standarden. […] > Korrekt navn ihht Finn sitt kart er Loaòkodievvá, men ò er ikke dokumentert i > SOSI 4.0 ser det ut til.
Takk for at du sjekka dette. Ein bør altså unngå å importera noko frå Elveg-datasettet før dette er fiksa. (Hyggeleg nok er namnet på vegane *rett* i OSM, men vert vist med «?»-teikn på Kartverket sitt offisielle kart på norgeskart.no. :) ) Eg har no fyrt av gårde følgjande e-post til Kartverket: Hei! Eg har nokre spørsmål om det nedlastbare Elveg-datasettet (Vegdata_Norge_UTM33_Geometri_SOSI.zip). Har sett litt på det, og så vidt eg kan sjå inneheld SOSI-filene fleire teiknkodingsfeil. Alle .SOS-filene har teiknkodinga definert som ISO 8859-10 («TEGNSETT ISO8859-10»). Samtidig inneheld fleire av dei gatenamn med byte-verdi 9E (desimal 158). Men i ISO 8859-10 *eksisterer det ikkje* noko teikn med byte-verdi 9E, jf.: https://en.wikipedia.org/wiki/ISO/IEC_8859-10 Det kan sjå ut som det er teiknet ž som er meint, då det finst på plass 9E i ei *anna* teiknkoding, Windows-1252, jf.: https://en.wikipedia.org/wiki/Windows-1252 og det stemmer godt med dei ulike gatenamn. Eksempel er fila 2011Elveg.SOS, med gatenamn «Áv[9e][9e]iluodda», som nok skal vera «Ávžžiluodda». Det er òg fleire filer der teikn er erstatta med spørjeteikn. Eksempel (frå 2011Elveg.SOS eller 2011Adresser.SOS): ..GATENAVN "Loa?kodievvá" Gata er òg vist med ? på norgeskart.no. Skal nok vera Loaòkodievvá. Andre eksempel: ..GATENAVN "Gartnetva??a" ..GATENAVN "Gárevármá?ii" ..GATENAVN "?uonjaluodda" ..GATENAVN "?uvgesnjárga" Dei to sistnemnte viser at ? ikkje *alltid* betyr ò. Her skal det vel vera Ò. Fint om de kan retta opp i desse to problema. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
