on. den 13. 08. 2014 klokka 18.30 (+0200) skreiv Geir Ove Myhr: > Datasettet med kommunevise osm-filer zippet i fylkesvise pakker finnes > på: > https://drive.google.com/folderview?id=0BwxPkSBawddGM2djWE9oWjRXdzA&usp=sharing#list
Flott jobba! Dette var verkeleg artig å sjå. To ting eg stussar på: Det ser ut til at senterlinjene ikkje alltid er i samsvar med FKB-kartet til Kartverket. Eksempel: 60.1841508, 5.1092128 Her går senterlinja til kaien ein heilt annan retning enn den faktiske vegen (sjekk med både FKB-kartet og Bing). Faktisk går senterlinja utfor kaien og rett på havet … Der er det rett nok ikkje teikna inn ein vanleg (grå) veg på FKB-kartet (men i verkelegheita er det ein vanleg, asfaltert veg på kaien). Men ser ein litt nordvest (60.1845627, 5.1079904) ser det ut til at senterlinja går heilt til høgre på vegbanen, nesten uti grøfta. På 60.2718849, 5.0874558 finn me òg noko rart. Plutseleg manglar det eit stykke veg. Vegen er med både på FKB-kartet og Bing. Er dette ein feil i det opphavlege datasettet eller noko som gjekk gale i konverteringa? -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
