on. den 13. 08. 2014 klokka 22.27 (+0200) skreiv Kai Stian Olstad: > Sitat: > "En annen ulempe med kartene var at punktet adressene var knyttet til, var > markert på midten av huset og ikke ved inngangen. "Et godt eksempel på dette > kan være Norges Blindeforbunds hovedkontor i Oslo. Adressen er Sporveisgata > 10, mens inngangsdøren ligger i Bergsliensgate" (Ulland, 2010, s. 8-9). En > slik unøyaktighet i kartene vil kunne være nok til at blinde får problemer, > forklarer forfatteren."
Dette er heldigvis i teorien ikkje noko problem for OSM. I OSM kan me markera entrance=main på bygningar. Det er då trivielt (for ei datamaskin) å finna ein inngang som svarar til eit adressepunkt. Eg skriv «i teorien», fordi det *i praksis* vil vera eit problem. For det første er det minimalt med bygningar som har entrance=main. For det andre er nøyaktigheita på innteikninga bygningar, på grunn av dårleg ortorektifisering av flyfoto, gjerne 5 eller 10 eller endå fleire meter feil. Så lenge me ikkje får bygningsdata frå Kartverket, vil det nok vera slik i lang tid framover. (Men det finst også bygningar i OSM som er ganske nøyaktige, så det er her snakk om variasjon, ikkje ein landsdekkande mangel.) -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
