må. den 18. 08. 2014 klokka 10.30 (+0200) skreiv Philip Gabrielsen: > Jeg ser endel butikker er enten navngitt 2 ganger, med både omriss av > butikken (område) og ett punkt med navnet, eller bare ett punkt med > navnet. I mitt rare hode burde det være nok med navn på området,
Ja, det stemmer. Ein butikk skal *enten* vera ein bygning (eit område) eller ein node, ikkje begge delar. Rimeleg generell regel: eitt verkeleg objekt = eitt OSM-objekt. Butikk som bygning fungerer berre i dei tilfella det berre er éin butikk (eller meir generelt: éin POI) i bygningen. (Eigentleg fungerer det ikkje så godt då heller, for eksempel med butikkar der dei øvre etasjane er leilegheiter.) > men jeg ser samtidig at da kan jeg ikke søke etter det hverken i > BaseCamp eller på Garmin GPS enhenter. Er dette noe med > eksporten/opprettelsen av kart for GPS (frikart.no/Sverre), eller er > det vi som gjør noe galt? Det er iallfall fullt muleg å få dei med på Garmin-kart, ved å bruka --add-pois-to-areas i mkgmap (som vert brukt til å laga kart på frikart.no). Så oppsummert: *Ikkje* tagg butikkar e.l. som både bygning og node; éin av delane held lenge. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
