må. den 18. 08. 2014 klokka 17.34 (+0200) skreiv Stein Arne Storslett: > Har vi noe bevisst forhold til zoomnivå ved redigering, eller > overlates alt til rendringen basert på type tag - f.eks. > type/størrelse på vei?
Er ikkje sikker på om eg forstod spørsmålet. Men zoomnivå skal ikkje ha noko å seia ved redigering. Når det gjeld vegar, så modellerer me i OSM dette som senterlinjer, og kor store dei framstår i ulike kartframstillingar har me ikkje noko kontroll på. Det er i teorien mogleg å slenga på ein width=*, men ser ut til at denne er lite støtta (og vegbreidda varierer jo eigentleg heile tida). lanes=* kunne vore meir relevant, men er i praksis ikkje så nyttig den heller. Elles bør ein vera obs på at om ein brukar satellittfoto frå Bing eller MapBox som bakgrunn, så varierer det av og til kva foto som vert brukt etter kor mykje ein har zooma inn. Ein veg kan for eksempel sjå heilt finn på eitt innzoomingsnivå, men heilt feil på eit anna (sidan fotoa kan vore tatt på forskjellige datoar, og med forskjellig justering og ortorektifisering). Samanlikn alltid satellittfoto med GPS-spor rundt der du redigerer. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
