Den 14. okt. 2014 07:27, Philip Gabrielsen skreiv: > Så over til spørsmålet mitt, når det gjelder adresser, så er jo dette punkter > fra importen, mens noen hus (polygon) har også husnummer. Skal man da fjerne > adressen på huset eller fjerne noden (typisk fra import)? Og det burde legge > premissene for når man skal legge inn adresser som ikke finnes, skal/kan > adresser ligge på polygon?
I OSM er det vanlig at adressa er merka på noden i polegonet som markerer inngangsdøra til huset, helst med building=entrance også. Dette er fordi det er ofte der ein ønskar å komme til dersom ein skal til adressa. Dersom dette punktet ikkje er kjent kan ein sette adressa på sjølve polegonet. Når ein er ute i terrenget bør ein vere observang på slike polegon og prøve å finne inngangsdøra. Dersom ein bygning ikkje har eit kjent polegon skal adressa merkast med eign node, helst så nært inngangsdøra som mulig. Dataa frå Kartverket pleier også å følge desse retningslinjene. Adressepunkta ser ut som dei er på inngangsdøra eller midt i huset. Når ein importerer er dette noko ein må sjå på når ein går gjennom nodene manuelt. Ein må bedømma kva adressepunkt er best av det som er i OSM og det som er i dataa frå Kartverket. Dersom det er eit polegon for bygget må ein kansje knytte dette opp til adressa. Anten ved å legge til adressenoden til vegen som markerer polegonet eller dersom inngangsdøra ikkje er kjent flytte adressemerka over på polegonet. Med JOSM og pluginen 'todo' og muligens 'continuous download' er det lettare å gå gjennom store mengder objekt manuelt. Begge er utvikla av undertegnede. Det har vert ein del diskusjon om korleis adresser skal merskast i OSM, men då særlig i tilfeller der eit hus eller ei inngangsdør har fleire adresser. Det er lite heldig at det er fleire nodar oppå kvarandre. Gnonthgol _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
