On 30. mars 2015 20:40, N/A N/A wrote: > Går heller ikkje an å søke fullstendig på gater med dette teiknet då > det ikkje kan skrivast i GPS og apps.
Eg har ikkje opplevd dette problemet. Kva appar og GPS-ar er det du har opplevd problemet i? (I praksis er det vel ikkje noko stort problem, då ein så godt som aldri skriv inn eit heilt gatenamn. Kvar GPS eller app med respekt for seg sjølv autofullfører jo, slik at ein slepp å skriva «Johan Olav Mowitz’ gate»; det held å skriva «Joh», eller til nød «Johan Ol». (Tenkt eksempel; det er ikkje ei gate som heiter dette.)) > Ein ber og om masse feil matching med gater når folk som ikkje har > peiling endrar på ting. Ikkje mange som veit korleis ein får fram ’ > når den ikkje eksisterer på eit tastatur. Når det gjeld gatenamn, skulle det ikkje vera noko problem. Ein var vel einige om at desse skulle importerast og vedlikehaldast frå Kartverket sine data? > I OsmAnd er det dobbelt opp med same namn no. Veit ikkje om det er pga > at OsmAnd berre byter ut U+2019 med U+0027, eller om det er fordi > gatene ikkje stemmer med nodane etter siste import/merge. Det bør vera lett å sjekka. -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
