Den 15. aug. 2015 11:44, Christer van der Meeren skreiv: > Er det en stil som er best eller mest vanlig å bruke for kartlegging > av områder som residential, industrial, wood, osv.? > > Med stil mener jeg for eksempel følgende: > > 1. Bruke faktiske veier (highway=*) i relasjoner (role=outer), slik at > områdene garantert følger veien. Spe på med dedikerte ways der grensen > ikke følger en highway=*. > > 2. Ingen relasjoner - bruke egne ways for grensen til området, og slå > sammen nodene til grensen med nodene til veier der de følger > hverandre, slik at grensen samsvarer med veien.
Som vanleg i OSM-samanheng er folk heilt ueinige med kvarandre om kva som er best, logisk eller naturleg. Du har dei som meiner at linjene for skogar absolutt ikkje under nokon omstende må delast med linjene for vegar, sidan det betyr at skogane går heilt inn til midten (midtlinja) av vegane, og det stemmer jo ikkje med terrenget. Og så har du dei som meiner det heilt motsette, at om skog og veg delar linje, betyr det berre at skogen begynner der vegen sluttar. Og argumenterer for eksemepel at om dei delar nodar, er dei mykje lettare å vedlikehalda. (Elles risikerer du masse ekstraarbeid med å passa på at ein skog ikkje passerer over ein veg når du forbetrar vegen (eller skogen.) Desse to gruppene vil aldri bli einige. Det er i grunnen motsetninga mellom at OSM er ein reint geometrisk geodatabase og at OSM er ein topologisk geodatabase. Det synest openbart at OSM er begge delar (eller kanskje heller ein ulogisk og inkonsekvent bastard av begge). Ein modellerer (vanlegvis) vegar som (i prinsippet uendeleg tynne) linjer, i staden for geometriske areal. Og ein representerer tre (enkelttre, i parkar og byar) som nodar, ikkje som areal som viser den geometriske utstrekninga. Men samtidig modellerer ein gjerne bygningar som areal, ikkje nodar. Og er det mange tre (dvs. ein «skog»), vert det modellert som eit areal. Eg er *mest* einig med gruppe to, som meiner det er greitt (og ofte praktisk) at areal for skogar og slikt deler nodar/linjer med vegar og andre areal (slik at om ein hadde fullstendige data, ville heile verda vore dekt av ulike arealdekkeflater). Men at det ikkje er absolutt *nødvendig*, slik at viss nokon absolutt vil modellera og vedlikehalda det utan deling av nodar, kan dei gjera det. Når det gjeld spørsmålet om relasjonar eller berre delte nodar, ser eg ikkje nokon stor grunn til å bruka relasjonar. Deling av nodar fungerer fint (og med «F»-tasten i JOSM er det kjempekjapt å la ei linje følgja ei eksisterande linje). Og eg innbillar meg at det vert mindre vedlikehald slik. > Lurer også på hvor detaljert man skal være i taggingen. Om det er > f.eks. 10x10m skog i et residential-område, skal dette området tagges > som skog? Viss ein vil (bruka tid på dette). Meir detaljerte data er jo fint, men nytteverdien varierer (om det er snakk om eit område folk aldri ferdast, er det sjeldan nyttig om ting er finmodellert). > Og er det lov å smøre tjukt på og laget et stort residential-område, > eller skal man helst dele det opp i mindre områder som er tettere > knyttet til den faktiske bebyggelsen? (Jeg bruker bevisst veldig vage > størrelser nå.) Igjen er det opp til ein sjølv. På vanlege kart følgjer vel gjerne slike arealdekkeflater reguleringsplanane (eks. dette området er regulært til bustadområde, og dette til industri, sjølv om bustadområdet ikkje er fylt 100 % opp med hus tett i tett, og ikkje heile industriområdet er fullt av fabrikkar). -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
