Karl Ove Hufthammer skreiv 06. mai 2017 10:51: > Bjørn Kvisli skreiv 05. mai 2017 12:52: >> >> Men så ser jeg at kartverket har kalt en vei "Øvre Berget", mens den >> i OSM står som "Øvre berget". Dermed merkes adressene som feil, fordi >> importen bruker førstnevnte srkivemåte,og veinavnet som ikke er >> importert står med sistnevnte skriveform. >> >> Er ikke sistnevnte form riktig i hh til norsk rettskrivning: Førte >> ord med stor forbokstav og resten med liten? >> > Nei. Rett stavemåte for slike stadnamn er stor forbokstav i begge orda. > For å presisera litt: Det er ikkje slik at *alle* ord i stadnamn har stor forbokstav. Det heiter for eksempel
Karl Johans gate og Bygdøy allé Det skal altso vera *liten* forbokstav når det er snakk om *samnamn* (utanom når dei står først i namnet – første ord skal *alltid* ha stor forbokstav, og det gjeld òg om ordet er for eksempel adjektiv, som «øvre»). Men i eksempelet er Berget ikkje eit samnamn (sjølv om me sjølvsagt har substantivet berg), men namnet på ein stad. Og derfor skal det ha stor forbokstav, akkurat som «Øvre Bygdøy» skulle hatt (om det var ein plass som heitte det). Sjå elles http://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/Kommunal-navnsetting/Hvordan-skal-navna-skrives/ -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ kart mailing list [email protected] https://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
