Frå 2020 vil alle vegar ha eit unikt nummer. For å få til dette vil alle mindre 
fylkesvegar fr eit nytt nummer med fire siffer.
Dette er alt gjennomført for Trøndelag etter samanslåinga no i 2019, og alle 
vegar er, så langt eg kan sjå, oppdatert i dette fylket.

For at dette skal vere klart før 2020 så føreslår eg at vi lagar ein tag som 
ein enkelt kan byte over 1. januar 2020.
Då kan vi gjennom året legge til dei ny veg-nummera som kjem.
Eklaste og mest forklarande vil vel vere 2020:ref=*

Samtidig vil eg også føreslå at om vegen går frå 2 eller 3 siffer til 4 så blir 
vegen redusert til "secondary" og at alle vegar med fire siffer får denne 
klassen.
Det er i dag ein del "feil" der desse også har "tertiary".

Eit kart med oversikt over gamle og nye nummer finn ein her:
https://vegvesen.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=7ffd2bbd172448d1a912fe63787435e2


JT
_______________________________________________
kart mailing list
kart@nuug.no
https://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart

Svar til