Eg har eit framlegg til endring av retningslinjene; å bruke e-infinitiv i staden for a-infinitiv i nynorske omsetjingar.
E-infinitiv vert meir og meir utbreidd, og det er det oppslagsverk/ordbøker og dei fleste offentlege nettstader brukar. Eg har inntrykk av at a-infinitiv gjev eit litt konservativt og «tungt» preg for mange nynorskbrukarar, kanskje særleg for unge. Eg har opplevd at nye brukarar til Ubuntu heller vel bokmål enn nynorsk, på grunn av dette. Ein grunn kan vere at dei aller fleste kjem frå Windows, der det er e-infinitiv både på nynorsk og bokmål, og derfor opplevast a-infinitiven som tung og kanskje gammaldags. Mesteparten av læreverka i grunnskulen brukar òg e-infinitiv, til dømes bøkene frå Gyldendal og Cappelen. I høve språkvasken vi skal i gang med, kunne det vore lurt å vurdere dette. Eg har lagt merke til at mange av dei noverande nynorskomsetjingane inneheld ei blanding av e-infinitiv og a-infinitiv. Hadde det ikkje då vore mogleg å gå over til e-infinitiv i nye omsetjingar, og etter kvart endre gamle omsetjingar med a-infinitiv til e-infinitiv? Eg ser føre meg at det ville ha gjort det meir attraktivt å velje nynorskomsetjinga. Med helsing Andreas Nesdal
_______________________________________________ Mailing list: https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no Post to : [email protected] Unsubscribe : https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no More help : https://help.launchpad.net/ListHelp

