Hei, alle saman

Håpar omsetjinga har gått greitt for dykk i ferien! 

Sjølv har eg diverre vore fråverande heile sommaren. Jobb, kjærast og
lite internettilgang har gjort det vanskeleg å delta i omsetjinga. No
har utdanninga teke over all mi tid, og eg må berre sjå meg nøydd til å
leggje inn årene som administrator. 

Det vil seia at vi treng ein ny administrator som kan jobbe saman med
Kjetil og koordinere arbeidet. Typiske oppgåver strekk seg frå å vurdere
nye medlemmer til å samkjøre medlemmer og oppstraumen, og generelt gjera
det ein kan så Ubuntu held høg språkleg kvalitet. Har du a) mykje tid
til overs, b) språkevner i begge målformer utanom det normale og c) ein
forkjærleik for Ubuntu og open kjeldekode, så meld interessa di åt meg
eller Kjetil på [email protected] . Still oss gjerne spørsmål om du
vil veta meir.

For alle andre: Fortset det gode arbeidet! 

Audmjuk helsing
Ole Andreas Utstumo
Eks-admin, Ubuntu Norwegian Translators


_______________________________________________
Mailing list: https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no
Post to     : [email protected]
Unsubscribe : https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no
More help   : https://help.launchpad.net/ListHelp

Svar til