Den 3. jan. 2012 kl. 22.10 skrev Guttorm Flatabø:
> Viewfinder er vel problematisk fordi dataene ikkje er «reine» fordi han har 
> brukt fleire ufrie kjelder og kjelder med noko ukjend status (russiske) til å 
> forbetra dataane. I tillegg har han, slik eg hugsar det, ein heller uklar 
> «lisens» på dataane («public domain», men ikkje om du skal tene mykje pengar 
> på det).
> 
> Eg rota meg litt bort i denne problemstillinga no, og fann ut verdas beste 
> GDEM truleg blir laga i desse dagar med data frå TanDEM-X (nokon burde 
> overbevise dei om at verdas beste marknadsføring ville vere å gje bort ein 
> lågoppløysingsversjon). At kommersielle DEMs ofte byggjer på russiske 
> militære kart, og at det muligens er heilt greit og gratis.

Dei russiske karta er laga på ei tid då kopibeskyttelse ikkje var viktig. Det 
var det sovietiske kartverket som hadde kopibeskyttelsen og det er uklart kven 
som har det no. Dersom det er mulig å finne ut kven som har kopibeskyttelsen i 
dag er det uklart korleis dette kan bli handheva. Dei fleste meiner dei kan 
komme unda med å bruke dei, men er det moralsk forsvarlig?

Dei russiske militærkarta ein stor ressurs som burde kunne blitt brukt, og det 
er verdt å prøve å finne ut av det. Er det lov å bruke dei, ikkje berre til DEM 
men også til å forbetre kart?

Når det er sagt så ikkje bruk viewfinder på grunn av manglande 
kjeldeinformasjon. Det går ikkje an å verifisere at kjeldene er gyldige og 
framgangsmåten er ikkje dokumentert. Eg vert ikkje overaska dersom det viser 
seg at det er nokon som har kjøpt nokre komersielle DEM over heile verden for 
så å "massert" dei litt slik at ingen kjenner dei igjen.

Og når me først snakker om høgder, kvifor tar ikkje OSM databasen vare på 
høgdeinformasjonen i sporloggane?

Knut
_______________________________________________
kart mailing list
[email protected]
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart

Svar til