2012/1/3 Gnonthgol <[email protected]> > Dei russiske militærkarta ein stor ressurs som burde kunne blitt brukt, og > det er verdt å prøve å finne ut av det. Er det lov å bruke dei, ikkje berre > til DEM men også til å forbetre kart? >
I OSM-samanheng er det nok bannlyst, men så vidt eg kan skjøne er det ikkje noko forskjell mellom DEM og anna bruk, så vurderar ein det eine som lovleg så bør det andre vere like lovleg. > Når det er sagt så ikkje bruk viewfinder på grunn av manglande > kjeldeinformasjon. Det går ikkje an å verifisere at kjeldene er gyldige og > framgangsmåten er ikkje dokumentert. Eg vert ikkje overaska dersom det > viser seg at det er nokon som har kjøpt nokre komersielle DEM over heile > verden for så å "massert" dei litt slik at ingen kjenner dei igjen. > Kan virka som du ikkje har sett deg så godt inn i nettsida(?) Det er ganske klart kva kjelder som er brukt, og korleis det er gjort (om enn rotete presentert), eg ville bli veldig overraska om kommersiell DEM er grunnlaget. > Og når me først snakker om høgder, kvifor tar ikkje OSM databasen vare på > høgdeinformasjonen i sporloggane? > Fordi å lage ein DEM ikkje er del av målsetjinga til OSM, trur eg, muligens av kvalitetsomsyn også? Eg var borti ei nettside som hadde som mål å tilby DEM-data som skulle vere forbetra med data frå OSM, men eg kan ikkje finne adressa. Når det er sagt så kan det hende at OSM burde lagra høgdedata også dersom det er data som kan vera nyttige. -- Guttorm
_______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
