Info om korleis ein skal tagga returpunkt (papirkonteinarar, gjenbruksstasjonar &c.) står på https://wiki.openstreetmap.org/wiki/Tag:amenity%3Drecycling
Taggsystemet der er svært finkorna, og for kvar konteinar i Norge vil me typisk ha fleire taggar, så eg foreslår me lagar ei lita oversikt tilpassa norske forhold på https://wiki.openstreetmap.org/wiki/No:Map_Features I Norge har me so vidt eg veit tre typar returpunkt for avfall: – glas og metall – papp og papir – plast Spørsmål: Går glas og metall alltid i same konteinar, eller finst det framleis konteinarar som berre tar éin av delane? Forslag: Ofte står to eller fleire konteinarar av typen over tett saman i ei lita klynge. Eg foreslår at me då taggar *returpunkta*, i praksis midtpunktet i klynga, ikkje dei fysiske konteinarane. Tre grunnar: 1) Den nøyaktige plasseringa av konteinarane varierer lett over tid. Dei kan faktisk byta innbyrdes plass etter tømming. 2) På kart, i søk, osv. vert det berre forstyrrande med mange returpunkt nesten oppå kvarandre. 3) Det har ingen praktisk fordel å tagga kvar enkeltkonteinar. Forslag til tagging: Glas og metall (ev. oppsplitta): recycling:glass=yes recycling:glass_bottles=yes recycling:aluminium=yes recycling:cans=yes Papp og papir recycling:books=yes recycling:cardboard=yes recycling:cartons=yes recycling:magazines=yes recycling:newspaper=yes recycling:paper=yes recycling:paper_packaging=yes Plast: recycling:plastic=yes recycling:plastic_bags=yes recycling:plastic_bottles=yes recycling:plastic_packaging=yes recycling:styrofoam=yes I tillegg finst det konteinarar for innsamling av klede, for for eksempel Fretex eller Uff Norge. Her kan me tagga: recycling:clothes=yes Synspunkt? -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
