Eit lite tips til dei som teiknar inn bygningar i OSM: Hugs å legga til nodar for inngangsparti med entrance=main, entrance=yes e.l., jf.
https://wiki.openstreetmap.org/wiki/Key:entrance Blant anna kart generert til GPS på http://frikart.no/ brukar dette til å fastsetta plassering av rutingsnodar (og ikon), og dette er *svært* nyttig. Eg har sjølv opplevd å bli ruta til baksida av ein stor bygning, som var noko forvirrande (kor er inngangen, og korfor er det så folketomt og mørkt her?!). Og når ein ikkje veit kor framsida er, kan ein risikera å måtta traska rundt nesten heile bygningen, som tar tid. I mitt tilfelle ville ruta til inngangen òg tatt meg gjennom ein mykje finare (og kortare) veg enn ruta til baksida. Så, tagg inngangar! For bygningar tagga som nodar er ikkje dette noko problem, men det er best å plassera noden nærast vegen som har inngangspartiet, i staden for midt på bygningen, som kan vera like langt frå tre–fire forskjellige vegar for større bygningar. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
