Hei! Før har eg brukt auto-funksjonen for lagring av GPS-spor på Garmin-en min, med alt sett til høgste nivå. Det funkar bra, men av og til er det greitt med høgare oppløysing, og i det siste har eg brukt lagring med 1 sekunds mellomrom. Men dette fører igjen til altfor detaljerte spor, som er lite eigna til opplasting til OSM. Så eg har behov for forenkling av spora.
Kva er det beste verktøyet for dette? Naiv forenkling, som berre fjernar kvart n-te punkt, eller punkt som er x meter frå kvarandre, er ikkje bra nok, synest eg. Viss det er mykje «som skjer» på ei strekning, for eksempel der ein følgjer ein lang, slak sving, bør det vera mange punkt, mens på strekningar som er relativt rette, kan det vera få. Finst det eit program som tar omsyn til slikt? Kva program brukar de andre? Eg brukar for øvrig Linux (men kjøra dei fleste Windows-program gjennom Wine). -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
