Her er det eg brukar i eit lite skript: gpsbabel -i gpx -f "$1" \ -x transform,trk=rte,del \ # Gjer alle ruter om til spor og slettar rutene -x discard,hdop=6 \ # Slettar alle punkt med HDOP over 6, trur eg, tilråinga er ofter 4, men det har ikkje fungert bra med mine spor frå mobiletelefon. -x duplicate,location \ # Slettar duplikate punkt, duplikat bestemt av same posisjon (kan også gjerast bestemt av tidspunkt) -x position,distance=3m \ # Ikkje heilt sikker, heller ikkje sikker på om denne er nødvendig iogmed neste -x simplify,crosstrack,error=0.003k \ # Den viktigste, forenklar sporet med «crosstrack»-metoden som skal halde på forma på sporet, utan å introdusere meir enn 3 m forskjell frå før. -o gpx -F "$tmpfile"
2013/3/3 Karl Ove Hufthammer <[email protected]> > Hei! > > Før har eg brukt auto-funksjonen for lagring av GPS-spor på Garmin-en > min, med alt sett til høgste nivå. Det funkar bra, men av og til er det > greitt med høgare oppløysing, og i det siste har eg brukt lagring med > 1 sekunds mellomrom. Men dette fører igjen til altfor detaljerte spor, > som er lite eigna til opplasting til OSM. Så eg har behov for forenkling > av spora. > > Kva er det beste verktøyet for dette? Naiv forenkling, som berre fjernar > kvart n-te punkt, eller punkt som er x meter frå kvarandre, er ikkje bra > nok, synest eg. Viss det er mykje «som skjer» på ei strekning, for > eksempel der ein følgjer ein lang, slak sving, bør det vera mange punkt, > mens på strekningar som er relativt rette, kan det vera få. Finst det > eit program som tar omsyn til slikt? Kva program brukar de andre? > > Eg brukar for øvrig Linux (men kjøra dei fleste Windows-program gjennom > Wine). > > -- > Karl Ove Hufthammer > http://huftis.org/ > Jabber: [email protected] > > _______________________________________________ > kart mailing list > [email protected] > http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart >
_______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
