fr. den 15. 03. 2013 klokka 22.56 (+0100) skreiv Karl Ove Hufthammer: > Har planar om å importera desse ganske snart. Meir info på > > http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Tag:source% > 3Dhttp://data.norge.no/data/lekeplasser-i-bergen-kommune
Har no importert desse: http://www.openstreetmap.org/browse/changeset/15409958 Innsendinga gjaldt 123 nye og 14 endra objekt. Gjekk manuelt (via conflation-tillegget til JOSM) gjennom alle leikeplassane i datasettet, og enten slo saman eller la til. Nokre plassar trengte òg litt ekstra redigering. Det var tre objekt eg var litt usikre på: Bønesparken Stemmeveien lekeplass Bendixens vei parkanlegg Desse låg inne som leisure=pitch i OSM. Ser ut til at dei er reine fotballbanar, utan anna leikeutstyr. Eg lot dei derfor vera som leisure=pitch, men la til den andre infoen frå kommunedatasettet (namn + ID). Er òg usikker på «Kråkenes miljøpark». Det ser ut som ein rein ballbinge, men det låg ingenting inne på OSM frå før. Eg importerte derfor denne på same måte som dei andre, altså som leisure=playground. Fint om nokon som har mulegheit til det kan besøka denne og ev. forbetra. Er for øvrig positivt overraska over kor mange kommunale leikeplassar det faktisk finst i Bergen. :) -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
