la. den 23. 03. 2013 klokka 17.10 (+0000) skreiv Thomas Hirsch: > Det er nå flere i Norge på veien til "Bulk Contributor". De fleste > kommer å bruke NLOD og å ha lignende krav på kildehenvisningen,
Det er i så fall svært synd (ikkje at dei brukar NLOD – det er flott – men at dei set urimelege krav til korleis krediteringa skal gjerast). Heldigvis har dei som har bidratt med opne datasett til no, inkludert «kartverk» i mykje større land enn Norge, ikkje hatt slike krav. Om OpenStreetMap skulle kreditert alle (eller berre alle store) bidragsytarane slik Kartverket ønskjer, hadde ein ikkje kunna sett noko kart hos OSM i det heile tatt; det hadde berre vore fullt med namn på bidragsytarar. Det er ikkje veldig relevant, men for øvrig har òg andre karttenester på nettet tilsvarande praksis med kreditering. Eksempel: Apple Maps: http://gspsa21.ls.apple.com/html/attribution.html Bing Maps: http://www.bing.com/maps/Help/en-us/About.htm Google Maps: http://www.google.com/help/legalnotices_maps.html (Det som skil OpenStreetMap frå desse er at med OSM har ein rett til vidarebruk av dataa, og til eitkvart formål. Med tenestene ovanfor har ein minimalt med rettar.) > og vi trenger en klar linje når det gjelder hvordan man kan bruke > disse datasett. Tja, linja er då ganske klar. Me brukar datasetta etter lisens- og bruksvilkåra rettigheitshavarane set. Viss desse (personane/vilkåra) ikkje tillèt at datasetta kan leggjast inn i OpenStreetMap, lar me vera å leggja dei inn. Heldigvis ser dei fleste ut til å sjå nytten i at dataa kan brukast fritt, og godtar at dei vert førte opp på bidragsytarsida til OSM og/eller vert krediterte i source-taggane i OSM-databasen og/eller i den aktuelle endringsloggen. (Kvar av desse alternativa har sine fordelar og ulemper.) > Personlig ville jeg foretrukket CC0 eller lignende på åpne datasett, > og la det vitenskaplig-journalistiske vettet gjøre det at faktisk > brukerne krever en fullverdig kildehenvisning. Ja, eg òg synest i utgangspunktet at CC0 ville vore bra for opne datasett. Men i Norge (og i mange andre land) har ein ideelle rettar ein faktisk ikkje kan fråseia seg, som retten til å verta kreditert. (Slik CC0 fungerer gjev ein (nordmann) altså ikkje frå seg sine ideelle rettar, noko han ikkje *kan* gjera, men gjev i staden ein (juridisk) lovnad om å ikkje *krevja* desse rettane, slik at resultatet for alle praktiske formål vert det same som *om han* (kunne) fråseia seg desse rettane.) > Det gjelder da også OSM med sine krav, men det er vel en stykke veg å > gå. Med mindre ein går for CC0 eller liknande, *må* ein ha krav om kreditering (fordi det i mange land/jurisdiksjonar ikkje er mogleg å fråseia seg desse). I lys av dette synest eg OSM sitt «krav» om ei minimal kreditering som «© OSM-bidragsytarane» (+ bidragsytarsida hos OSM med meir informasjon) er ei svært god løysing på eit komplekst problem når det er mange bidragsytarar. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
