må. den 06. 10. 2014 klokka 23.59 (+0200) skreiv Magne Mæhre: > Språkrådet[1] sier: > > Aksenttegn > I ord som allé og chaussé, brukes aksenttegnet i ubestemt form, men > ikke i bestemt form: Madserud allé, men Harbitzalleen. > [1] http://www.sprakrad.no/Tema/Stedsnavn/Kommunal-navnsetting/Hvordan-skal-navna-skrives/
Eg har ein mistanke om at dette er utdatert informasjon. Før var det slik at aksentar *skulle* sløyfast i bestemt form og fleirtal, men den regelen vart oppheva for nokre år sidan (heldigvis, IMHO). Adressa ovanfor vart sist oppdatert juli 2011. Men her er eit dokument for november 2012 som seier noko anna: http://www.sprakradet.no/upload/Brosjyrer/Namnsetjing%20av%20gater%20og% 20vegar%201.pdf Aksentteikn I ord som allé og chaussé er det etter rettskrivinga valfritt å nytte aksentteikn. I adressenamn er det likevel vanleg praksis at aksentteiknet blir nytta i ubestemt form, men ikkje i bestemt form: Madserud allé, men Harbitzalleen. Altså vanleg praksis (er òg naturleg, sidan det før var ein regel på det), men ikkje noko krav. Uansett, eg meiner me bør bruka det som står i Kartverket sine data. Det er dette som er dei offisielle namna. Når desse har openbare skrivefeil (som allèen, ALLéEN o.l.), bør dette meldast inn, slik at dei kan retta det. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
