ty. den 07. 10. 2014 klokka 00.18 (+0200) skreiv Gorm E. Johnsen: > Jeg foreslår at vi bestemmer oss for å bruke fot-tegnet (uformell > sammenheng) og korrigerer til det.
Eg er svært ueinig i dette. På norsk finst det éin typografisk korrekt apostrof, og det er denne: ’ (U+2019 i ISO 10646). «Shift + AltGr + B» på Linux- tastatur. Alt anna vert berre fattigmannsetterlikningar, som er unødvendige, om som me bør halda oss for god til. :) Ein bør konsekvent retta andre apostrof-etterlikningar til ’-teiknet. Fotteiknet er ′ (U+2032), og skal absolutt *ikkje* brukast. ASCII-/programmeringsapostrofen ' (U+0027) er mykje brukt, men det er nok berre fordi han er lett tilgjengeleg på tastaturet (og fordi ekte apostrof før ikkje var tilgjengeleg i det heile tatt). Aksentteikna ` (U+0060) og ´ (U+00B4) blir også ofte brukt, då av folk som ikkje klarar å finna fram på tastaturet. Så oppsummert: `, ´ og ' bør automatisk endrast til ’ ved import av gatenamn. Då blir det både korrekt og fint. :) -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
