Den 13. aug. 2015 20:40, N/A N/A skreiv:
> Er veldig greit med source på ways som har ulik source.

Veldig ueinig. Det er jo eit problem at eit objekt kan ha mange kjelder, 
og «source»-taggen vert veldig fort utdatert.

> Kun bruke source på changeset er veldig lite informativt.

Tvert imot. Det seier jo nettopp kva som er kjelda til endringa.

> Om eg redigerer ein bit av f.eks. ei elv som er lagt inn med Karvernet N50 så 
> splittar eg og endrar source til f.eks. Bing for den biten. Då kan delar av 
> same way vere N50 både før og etter.

Og dette er svært lett å oversjå for oss som redigerer. Eg forbetrar ein 
del på vatn/innsjøar vha. Bing, og går ikkje inn og sjekkar kvart 
linjestykke for å sjekka/endra source-taggen der; eg retttar dei nodane 
eg ser «dårlege» og legg til nye. Det same gjeld sjølvsagt vegar, 
bygningar osv. Resultatet er at source-taggen vert utdatert, slik han er 
overalt i OSM. Og slik vert det uansett kor påpasseleg ein prøver å 
vera. Den praktiske verdien til source-taggen er minimal, og eg meiner 
han gjer større skade enn nytte.

> For kysten vår så er nok PSG snart historie. Alt vil bli erstatta med 
> Kartverkets N50 data eller betre.

Glad du skriv «eller betre». Dette må gjerast manuelt. Eg har forbetra 
store delar av kystlinja i ein kommune, og resultatet er *betydeleg* 
betre enn N50. Så alle utbytingar av kystlinjer må gjerast manuelt. (Og 
nei, source-taggen er ikkje ei påliteleg kjelde til kor data kjem frå 
her heller.)

-- 
Karl Ove Hufthammer
_______________________________________________
kart mailing list
[email protected]
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart

Svar til