Er litt usikker på korleis hytter i turområde (for eksempel byfjella i Bergen) skal taggast. tourism=alpine_hut hørest litt for mykje ut. Eller? Dette er typisk hytter drivne av idrettslag eller andre organisasjonar. Har gjerne svært avgrensa opningstider, for eksempel søndag 10 til 15, og sel då vaflar og saft/kaffi eller liknande. I utgangspunktet ikkje muligheit for overnatting (sjølv om dei kanskje blir brukt til det internt i organisasjonen).
Eg ser fleire hytter i turområda er tagga som nodar med building=hut, men vert ikkje viste på nokon kart (OSM/frikart.no). Denne tagginga skal jo òg berre brukast på polygon, so vidt eg kan sjå, so det er kanskje ikkje spesielt rart … -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
