Me får starte masseimporten med den letteste, grensene og adressene. Så kan me heller gå over til vanskligere importer som vegar, stedsnavn, landsdekke, etc. etterpå.
Grenser: I kartverket sine data er det ei SOSI fil med alle kommunegrensene i Norge, og polegon for kvar kommune og fylke med navn på norsk, samisk og kvensk (der det er fleire offisielle navn). Det hadde vert kjekt med administrative senter også, men dette er ikkje med i den versjonen som er gitt ut for åpen nedlasting. Eg foreslår at ein person fjernar mykje av det som er importert frå N5000 og N2000 og importerer på nytt. Det er ein del som kjem frå andre stader men dette skal vere mulig å slå saman manuelt. Konvertering frå SOSI til OSM blir gjort med sosi2osm og < https://github.com/Gnonthgol/sosi2osm/blob/master/lua/adm.lua > Adresser: Elveg inneheld ei SOSI fil for kvar kommune med adressepunkter. Her er det både matrikkeladresser (gnr/bnr/fnr) og gateadresser (gatenavn, husnummer, bokstav, postnummer, postnavn). Det er lite poeng å importere matrikkeladressene. Eg foreslår at me importerer adressene kommune for kommune. Me har ikkje så mange adresser i OSM enda så dette bør ikkje vere så alt for stort problem. Dei kommunane som har mange adresser i OSM har ofte aktive mappere som kan hjelpe til. Som med grensene vil SOSI filene bli konvertert til OSM ved hjelp av sosi2osm og < https://github.com/Gnonthgol/sosi2osm/blob/master/lua/adresser.lua > og distribuert. Sidan dette er enkle punkt så går det også fint an å bruke ogr2ogr også. Det hadde vert kjekt å høyre på innspill kva de meinar om dette forslaget. Knut _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
