fr. den 08. 08. 2014 klokka 16.15 (+0200) skreiv Tor: > > Så skriv me litt om korleis me gjer importen (forslag: halvmanualt, > der > > me kopierer adressene til bygningar der dette finst, og lar dei > verta > > ståande som nodar der det ikkje finst), > > Her står det at vi _ikke_ skal kopiere adressene til noder: > <https://wiki.openstreetmap.org/wiki/No:Map_Features#Addresses> > Trur det har vært diskutert her på lista.
OK. Før har eg alltid putta adresser på bygningar. Synest det har vore meir praktisk, då alt er samla. Viss ein for eksempel søker etter ein butikk, får ein automatisk opp postadressa også (eks. Rema 1000 har adressa Storgata 32). Og søker ein på ei adresse, vert for eksempel på osm.org bygningen markert med annan farge på kartet. Og vel ein navigering til ei adresse, vert ein ført til «entrance=main» på bygningen, og ikkje for eksempel til baksida av bygningen (slik fungerer iallfall min Garmin). Men då skal me altså heller *fjerna* adresser frå bygningar og heller putta dei på eigne adressenodar? Og denne forstår eg ikkje: Organisations, offices etc have a separate node inside the boulding outline. You may _copy_ the addr: tags from the addr node, but never merge them. Forstår ikkje heilt kva som er meint, men det har noko med at ein kan kopiera adresser til fleire objekt. Det vil jo føra til duplikatadresser, noko som er *veldig* upraktisk, for eksempel ved søk (eks. du vel «Storgata 32» i navigasjons- programmet, og får spørsmålet «Meiner du Storgata 32, Storgata 32 eller Storgata 32?», der alle vala fører til punkt som ligg nokre meter frå kvarandre. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
