fr. den 08. 08. 2014 klokka 17.50 (+0200) skreiv Tor: > > Og så bør ein vel unngå å importera adresser langt nord, der det > finst > > samiske namn, då desse inneheldt ein del tekniske feil. > > Noen har allerede importert alle kommunene i Finnmark.
Uff, det var uheldig. Men gjort er gjort. :) Men det understreker kor viktig det er å ha ein (dokumentert) plan for importar, og å ha diskutert alle detaljar på førehand (òg på den internasjonale importlista). Eg har starta på eit utkast for dokumentasjon av framtidig import av adresser for Elveg: https://wiki.openstreetmap.org/wiki/Import/Catalogue/Address_import_for_Norway Veldig ‘førsteutkast’-status på dokumentet (har ikkje eingong lenkjer til noko), så fint om de kan redigera og forbetra. Spesielt må me dokumentera kor ein får tak i det opphavlege datasettet, og korleis me prosesserer dette for å få OSM-filer (skript på github eller liknande er det beste). -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
