må. den 11. 08. 2014 klokka 07.59 (+0000) skreiv Sverre Didriksen: > >> Det har blitt foreslått å bruke contact: istedenfor addr: på > butikker, > >> kontorer osv.: > >> http://lists.nuug.no/pipermail/kart/2014-July/004722.html > > > >Hørest ut som ei grei løysing. Så då gjer me slik: > > Er vi sikre på at dette er lurt? Er dette en standardisert osm-tagg? > Støttes dette av de forskjellige adressesøkene på nettet? Jeg vet ikke > om det støttes av mkgmap og om det da vil fungere på Garminkartene jeg > lager.
Det er noko standardisert, men eg er ikkje lenger sikker på om det er lurt. :) Etter å ha sett litt på eksisterande addr:*-taggar har eg komme til at kvaliteten er ganske varierande. Så det er i grunnen ikkje noko lurt å kopiera dei over til contact:*. I tillegg er vel eigentleg nytteverdien til contact:* heller tvilsam. I teorien kan infoen brukast om du for eksempel vil senda brev til ein aktuell Rema-butikk. I praksis vil du ikkje det (og dei vel gjerne også postboks, ikkje vanleg gateadresse for post). Nytten av contact:* som geografisk informasjon er minimal, då me jo alltid den faktisk posisjonen til alle objekta i OSM! Nytten av addr:* er derimot stor. Viss du skal til Storgata 27, tastar du det inn på GPS-en, og vert vist veg. Så eg foreslår at me heller gjer det slik: Fjernar alle addr:*-taggar (kanskje utanom addr:housename, men dette bør vel gjerne vera name i staden for, då me ikkje brukar husnamn i offisielle adresser i Noreg, så vidt eg veit). Ein liten ting til: Ser det er eit *absolutt* krav at me skal bruka eigne importkontoar, ikkje vanlege brukarkontoar, sjølv om me er mange som importerer. Foreslår at me standardiserer på kontoar med namn «brukarnamn_elveg_addr_import», der «brukarnamn» er personens vanlege brukarnamn. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
