Den 29. juli 2015 21:08, Tor skreiv:
Tenker at ein må dele opp SSR i kategoriar.

Enig. Da kan kanskje importen deles opp i såpass små biter at det blir
håndterlig for de som synes at en hel kommune blir uoverkommelig stort;
og så er det kanskje noen som ønsker å prioritere å få på plass enkelte
kategorier, f.eks. alle fjelltopper.

I staden for å laga hundrevis av filer for kvar kommune, vil eg heller anbefala å bruka filterfunksjonen i JOSM. Denne er svært kraftig og fleksibel. Ein kan for eksempel laga filterreglar av typen «natural=peak or natural=water» for berre å visa (ev. skjula, ev. gråa ut) fjelltoppar og vatn. (Merk at kvart filter har *tre* avkryssingsboksar som styrer kva effekt det har.)

Eg har no lagt ut CSV-filer frå ssr2osm-skriptet for alle kommunar, på:
http://geo.huftis.org/osm/ssr/

Det er berre å opna filene i JOSM og trykka «OK» på første spørsmål, så har ein alle namna som JOSM-objekt, og kan ev. fletta dei inn i eksisterande objekt (eller kopiera dei inn som nye).

Ver for øvrig obs på denne feilen i JOSM, som kan vera litt irriterande når ein arbeider med filene: https://josm.openstreetmap.de/ticket/10350

--
Karl Ove Hufthammer
_______________________________________________
kart mailing list
[email protected]
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart

Svar til