Den 29. juli 2015 17:43, N/A N/A skreiv: > Tenker at ein må dele opp SSR i kategoriar. Namn på tettstad, > gardsnamn og liknande for seg sjølv. Her må bruk av "hamlet" vere god. > Sett fleire små plassar som har fått "village" som er alt for små til > denne.
Det stemmer. SSR-data er ikkje gode for å seia om ein plass er village, hamlet, neighbourhood eller locality (eller noko heilt anna). Som med *alt* frå SSR så må ein manuelt vurdera tagginga *i kvart enkelte tilfelle*. Det som skriptet kjem med er berre eit *forslag*, som gjerne er feil/ikkje-optimalt. Dette er svært viktig. Eit alternativ hadde vore å ikkje hatt med noko forslag til tagging i det heile tatt, for å unngå at folk stolar blindt på automatikken. Men eg synest det er betre å ha med automatiske forslag, då dei *kan* vera svært arbeidssparande (og er nyttige til filtreringa, for eksempel viss ein berre vil importera namn på vatn). Men det krev at folk er veldig observante når dei tar dataa i bruk. -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
