fr. den 22. 08. 2014 klokka 23.21 (+0200) skreiv Helge Olav Helgesen: > På samme måte vil jeg kanskje si at databasen også blir bedre på flere > måter når adressen er i en POI også. > > Eks: http://www.openstreetmap.org/node/1937388033 - er Rema 1000 på > Skårersletta 55. Om jeg søker i Nominatim etter denne adressen får jeg > opp alle POI som er knyttet mot den adressen. Dette mister jeg om > adressene skal bort.
Nei, faktisk ikkje. Viss det er snakk om ein bygning, er det automatisk informasjon om adressa til alle POI-ar i bygningen. Og elles er det alltid informasjon om alle POI-ar ved/nær eit adressepunkt. Slikt som dette er ein av dei store fordelane med OpenStreetMap, som er ein *geografisk* database. Dette i motsetning til for eksempel telefonkatalogen, der ein må bruka adresser for indirekte å kopla slik informasjon. Elles: Sjølv om det er mogleg å kopla alle POI-ar, har eg enno ikkje forstått kva *poenget* med dette skal vera. Enten har eit objekt (eks. ein gitt Rema 1000-butikk) og vil sjå kva objekt som er i nærleiken. Elles så har ein «plass» (eit geografisk område), og vil sjå kva som finst der. Eller så har ein adresse, og vil veta kor denne adressa ligg. Å legga eksplisitte adresser på alle POI-ar (eller generelt alle nodar?) vil ikkje hjelpa i nokre av desse tilfella. > Argumentet mitt for å legge adressen i en POI er for at den enkelte > POI skal være komplett, altså at en gitt POI har en verdi for seg > selv. Dette med at ein POI i seg sjølv skal vera komplett vera noko ein prøvde seg med i OpenStreetMap sin barndom, men er noko ein (IMNSHO *heldigvis*) har gått vekk frå. Det viste seg å ikkje vera nokon god idé, og i tillegg heilt unødvendig. Då brukte ein for eksempel is_in-taggen på alle moglege POI-ar (og gater og alt mogleg), slik: is_in=Bergenhus;Bergen;Hordaland;Norway Prøv no eit søk i Nominatim etter «Shetlands-Larsen». Det er namnet på ein statue i Bergen, og står på Shetlands-Larsens brygge i Bergen. Søkeresultatet ein får opp er: Minne: Shetlands-Larsen, Shetlands-Larsens brygge, Bergenhus, Bergen, Hordaland, NO-5013, Noreg Er alt dette registrert på POI-en, slik at han er «komplett»? Slett ikkje. OSM er jo ein geografisk database, så all denne informasjonen er tilgjengeleg implisitt. Her er alt som er registrert på POI-en: historic=memorial name=Shetlands-Larsen wheelchair=yes Alt det andre kan ein finna automatisk. Her finn Nominatim at statuen ligg ved (faktisk på, men ein ville fått same resultat om han berre låg nær) «gata» Shetlands-Larsens brygge, ligg i bydelen Bergenhus, som ligg i kommunen Bergen, som ligg i fylket Hordaland, som ligg i landet Noreg. Slik får ein implisitt adresseinformasjon på kvar einaste butikk, kvart einaste statue og til og med kvar einaste lyktestolpe registrert i OSM. Dette *utan* å måtta legga dette inn eksplisitt, slik at kvart objekt vert «komplett». > Ikke for å duplisere innholdet i databasen eller få opp flere > adresseobjekter. Det er kanskje ikkje hensikta, men det er jo det som vert resultatet. Og det utan nokon reell tillegsverdi. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
