ty. den 26. 08. 2014 klokka 22.52 (+0200) skreiv Tor: > Eks: http://www.openstreetmap.org/node/1937388033 - er Rema 1000 på > Skårersletta 55. Om jeg søker i Nominatim etter denne adressen får jeg > opp alle POI som er knyttet mot den adressen. Dette mister jeg om > adressene skal bort.
No er ikkje korleis Nominatim fungerer på eit visst tidspunkt noko argument for korleis ein skal tagga i OSM, men eg mistenker at Nominatim faktisk *ser vekk frå* addr:street-taggane på POI-ane, og heller brukar næraste gate. Det finst for eksempel 10 POI-ar med adressa (addr:*-taggar) «Lilandsveien 3» i Bergen. Men søker eg etter «Lilandsveien 3» i OSM/Nominatim, får eg *ingen* relevante treff (berre «Lærer Lilands vei» i Finnmark, pluss ein bekk i Storbritannia som heiter «Liland's Beck»). Éin av POI-ane som har denne adressa er «Eurospar Post i butikk», som har eit såpass unikt namn at ein kan søka på det i OSM. Då får ein følgjande treff: Eurospar Post i butikk, 3, Fleslandsvegen, Espeland, Blomsterdalen, Bergen, Hordaland, 5258, Noreg Altså Fleslandsvegen, *ikkje* Lilandsveien. Grunnen til at ein har trudd at addr:street har blitt brukt, er nok at næraste veg/gate nesten alltid er lik denne. Men i dette tilfellet var alle addr:street-verdiane feil; vegen heiter «Lilandsvegen» (rett tagga i OSM), ikkje «Lilandsveien». For øvrig, når det gjeld tilkomst, er eigentleg Fleslandsvegen (så vidt eg kan sjå) eit betre val, då det er kortare å gå frå denne enn frå Lilandsvegen til butikken. :) -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
