Den 29. juli 2015 16:33, Andreas Bertheussen skreiv: > On 07/29/15 10:19, Karl Ove Hufthammer wrote: >> Den 25. juli 2015 21:52, Andreas Bertheussen skreiv: >>> ### 3. Uavklarte/uspesifiserte ting >>> - Håndtering av flere språk for samme objekt. >> Dette handterer skriptet mitt (ssr2osm). Både norsk, nordsamisk, >> lulesamisk og sørsamisk er støtta (det er dei språka som finst i SSR). > Men hvordan håndteres det? Dvs, stemmer det med forslaget som ligger på > wiki? Jeg har vanskelig med å forstå R-script.
Eg veit ikkje kva wikiside du referer til, men det skal iallfall følgja reglane i OSM: Det offisielle namnet vert tagga som «name». Viss det finst fleire offisielle namn (eksakte dupliktar vert fjerna), vert det *sist vedtekne* brukt. Det neste vert då «alt_name». Viss det finst fleire språk, vert «name» henta frå det norske namnet. For kvart ekstra språk objektet har namn på, vert den same regelen brukt, men då med suffiks (:se for nordsamisk, :smj for lulesamisk og :sma for sørsamisk, og språkkoden som ligg i SSR for eventuelle andre språk). *Viss* det skulle finnast objekt med tre eller fleire offisielt vedtekne namn på *same språk*, kjem ikkje dei ekstra namna (namn 3 og utover) med. Trur ikkje det er noko stort problem. (Kvart objekt skal vel uansett ifølgja mållova (?) berre ha eitt offisielt namn.) Og sidan me brukar dei *sist* vedtekne namna, burde me vera sikra at me har dei meste relevante namna. > - Håndtering av flere objekter på samme koordinat. >> Finst det eksempel på dette? Uansett, alt slikt *må* handterast manuelt. >> Det er mykje «rart» i SSR, både (litt) feil posisjonar, rare namn, ulike >> objekt (til dels veldig *mange*) som har fått same namn. Alt må flettast >> manuelt. > Det kan godt være at det kommer av feil. Eksempler: > > http://faktaark.statkart.no/SSRFakta/faktaarkfraobjektid?enhet=766016 Akkurat dette er kategori 108, Bruk, som eg bevisst har ekskludert. Det ser ut til at dette vanlegvis er eit enkeltbruk (hus) som har fått namnet til garden/grenda/bygda det ligg i. Og det er gjerne *mange* slik bruk(objekt) med same namn. Det er altså mest støy. Men generelt, om det ligg fleire objekt oppå kvarandre, må det handterast manuelt (for øvrig akkurat som med *alle* andre objekt/namn … :) ). >> Ifølgje importlista er slike ting ikkje velkommen i OSM. Eg har derfor >> følgt regelen om å berre ha med standardtaggane (name=*, natural=*, >> osv.) når eg har brukt data frå SSR, og *ingen* taggar med >> kartverk-/SSR-prefiks. Eg hadde vel helst føretrekt å hatt med ID og >> gjort ting systematisk (spesielt når det gjeld framtidige >> oppdateringar), men dette er til å leva med. > Jeg kan se hvorfor "..:objid" er lurt, både for oversikt over hvilke > navn som er importert (fremdrift på import), Akkurat til dette er det ein dårleg indikator. Alle namna i SSR verken kan eller bør verta importerte. Det er for mykje rart der til det. > og for å finne igjen objektet senere ved synkronisering mot SSR. Ja, det hadde vore ein fordel med ID-en der. Men i praksis trur eg ikkje det vert noko regelmessig synkronisering. Folk importerer delar frå SSR, etter det dei synest er viktigast å importera (viktige fjelltoppar, namn på vatn og viker, osv.), og over tid. Og i praksis er det ikkje så vanskeleg å sjå kva som er importert og ikkje. Merk òg at sjølv om me hadde hatt ein ID, ville ikkje den kunna brukast til å synkronisera med framtidige versjonar av SSR for alle dei objekta som alt finst i OSM med same namn som i SSR, men som ikkje vart importert frå SSR. Ein meir farbar veg (når mykje var importert) ville kanskje vore å samanlikna namn i OSM med namn (på nærliggande objekt) i SSR, utan å ta omsyn til ID. > - Valg av OSM-tags. ssr og osm2ssr bruker hver sine tabeller; > https://github.com/huftis/ssr2osm/blob/master/data/objekttypar.csv og > https://github.com/relet/ssr/blob/master/scripts/manual.py#L48-L225 > Dette er vel ryddigst å starte med på wiki. Enig? >> Tja, eg synest «pull requests» til GitHub fungerer vel så bra. Då kan >> ein også diskutera kvar førespurnad på «issues»-sida for førespurnaden. > Jeg synes ikke det er lurt å spre informasjonen ut over flere sider. Da > blir det vanskeligere å følge med på endringer, og vite hvilke som er > styrende. Eg er einig i at informasjonen bør lagrast éin plass. Men ei wikiside er ikkje så maskinlesbar. Så eg føretrekker ei CSV-fil (eller ei JSON-fil, eller anna eigna maskinlesbart format folk føretrekker) i eit versjonskontrollsystem. > Wiki har også en diskusjonsside. Diskusjonar kan me ev. ta her på lista (wiki-diskusjonssider oppfattar eg mest som sider der folk skriv og aldri les :) ). -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ kart mailing list [email protected] http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
